Sigurd Kvåle
Sigurd Kvåle | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. mars 1902 Sogndal kommune |
Død | |
Yrke | forfattar, lærar |
Sigurd Kvåle (fødd 7. mars 1902 i Sogndal, død 16. juni 1962 i Rælingen) var lærar og forfattar, og er særleg kjend for novellene sine.[1][2][3]
Kvåle var son av ein skomakar, og gjekk to år på Sogndal Folkehøgskule, deretter Stord lærarhøgskule, der han tok eksamen i 1924. Han var lærar i Varhaug 1924-1928, Aurskog 1928-1929, Torsnes 1932-1933, Tysvær 1933-1937 og Torsnes 1937-1945. Frå 1945 budde han i Rælingen, der han var rektor ved Holt skole. Han var gift med Astrid, fødd Sandsmark, og hadde ein son.
Han bokdebuterte som forfattar i 1933, etter at han tidlegare hadde vunne ein novellekonkurranse i regi av Bondeungdomslaget i Oslo. Han skreiv noveller, romanar og ei barnebok.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]
Sentrale tema i Sigurd Kvåle sin forfattarskap er: a) barn, ungdom og gamle menneske, b) bygdesamfunnet, - sosiale og økonomiske tilhøve, særleg i mellomkrigstida, c) menneskesinnet, og d) personar som fell utanfor det sosiale fellesskapet.
Gerd Vik[1]
|
Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1933 – Når det blir natt : noveller (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1935 – Tider og år : noveller (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1936 – Over fårlege fjell : forteljingar for born (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1937 – Siglaren : roman (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1938 – Sylen : noveller (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1941 – Byttingen Velaug : underhaldningsroman (Fredrikstad)
- 1941 – Stemning : høyrespel i 1 akt
- 1942 – Håvard på Eggvin : forteljing (Oslo: Fonna) I fulltekst ved nb.no
- 1946 – Krefter (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1948 – Sterkesmeden : ei soge om kjærleik og mot og styrke (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1950 – Pelle Skauen og andre småsoger (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no
- 1967 – Natta og eg : noveller i utval (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
- 1987 – Fjedli mine : for blandakor (Sogndal: Sogndal lærarhøgskule) [Musikk: Sverre Volle]
I bøker - eit utval
[endre | endre wikiteksten]- 1943 – 16 mann forteller : noveller (Oslo: Rosen) I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Kyrkja brenn / Sigurd Kvåle, side 44-58]
- 1953 – Norsk lesebok for framhaldsskolen. 2. bind. Samfunn og kultur (Oslo: Fabritius) I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Det ringjer frå Sørdal kyrkje / Sigurd Kvåle, side 194-200]
- 1965 – Nynorsk novellekunst : ein antologi (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Du er bror min, Ivar. Krefter / Sigurd Kvåle, side 166-186]
- 1966 – Perler i prosa : norske noveller (Oslo: Den Norske Bokklubben) I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Krefter / Sigurd Kvåle, side 334-342]
- 1969 – Nynorske noveller : ein antologi (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Du er bror min, Ivar. Krefter / Sigurd Kvåle, side 187-204]
- 1971 – Aschehougs litteraturutvalg for aldersgruppen 13-17. Bind 1 (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Brør / Sigurd Kvåle, side 353-357]
- 2001 – Til konfirmanten : dikt og tekster : fra Inger Hagerup til Arne Hjeltnes (Oslo: Kagge). ISBN 82-489-0126-2 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Konfirmanten / Sigurd Kvåle, side 55-65]
I tidsskrift - eit utval
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 fylkesarkiv.no Sigurd Kvåle 1902 - 1962, av Gerd Vik, 2001
- ↑ «Sigurd_Kvåle» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Olav A. Loen. Bygda gav diktarsyn. Rune forlag, 1970 (ebok)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Sigurd Kvåle i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
- Om Sigurd Kvåle i Allkunne
- Olav Andreasson Loen (1970). «Sigurd Kvåle». Bygda gav diktarsyn : 25 forfattarportrett. Trondheim: Rune. s. 122-128.
- Bukdahl, Jørgen (1935). «Ein ny norsk novellist : Sigurd Kvåle». Særprent av Syn og segn. Hefte 1.